Travel kvardag!

Du veit det er travelt om dagen når du må legge inn "familiedag" i kalenderen ;) Det blei ein veldig kosleg dag da, ein onsdag som føles som laurdag! Hurra!

Eleah har ikkje gjenge så mykje med sko, rett og slett fordi ho ikkje har lika det! I dag elska ho det plutseleg. Så flink!

Når me kom heim att åt me pizza. Slik må det vere på ein laurdag ;)

Muffins til baby (og deg da) :)

I går fekk eg tips om matmuffins til baby, så då måtte me jo teste om Eleah lika det da ;)

Eg hadde i: 1,5dl mjøl, 4ss havregryn, 1ss chiafrø, 1ts bakepulver, 2 egg, 2ss rapsolje, litt kokosolje, basilikum, rosmarin, og nok melk til at røra blei som den skulle ;)

Fyll: Brokkoli, tomat, champignon og ost. Skulle gjerne hatt skinke i også, men det hadde eg ikkje her.

Eg er mett og Eleah et fortsatt! Godt tegn!

#oppskrift #baby #muffins #mat

Fredag ❤

Dagane går litt i surr, når eg "bare" er heime med Eleah. Men i dag veit eg at det er fredag! Det betyr taco og besøk :D Hurra!

Det er også heilt nydeleg vær ute i dag, så eg gledar meg til me skal ut i det etterpå.

Fin fredag med andre ord <3

Aller først må me bare slappe av litt ;)

Eleah vil visst reise vekk ho ;)

God helg!

Overraskelse <3

I går slo Steffen verkeleg på stortromma altså. Eg sa jo her at det ikkje var så viktig med Valentine's, men utruleg kosleg var det når det blei ei "feiring" av den (dagen etter) da :D

Eg fekk beskjed om at eg måtte vere ute av leiligheten nokre timar, så då var eg rett og slett på biblioteket. Har tross alt blitt student att.

Når eg kom heim måtte eg rett inn på badet, sånn at eg kunne gjere meg klar til date ;)

Der såg det sånn ut:

Kjærlighetsbrev og greier! Smelt!

Også kom eg ut til detta:

Denna kjekkasen hadde stelt i stand tre rettar! Forretten var Ceviche med torsk. Nam!

Hovedrett: Ytrefilet. Nam!

Dessert? Hm, ja.. Perfekt for meg som elskar fersken og sjokolade!

Før Eleah kom var me veldig mykje ute og åt, det er ikkje like lett lengre, men det gjer ingenting når me kan gjere sånn som detta!

Herlighet, eg er fortsatt overraska!

Min kjærast <3 Tusen takk!

Ammehår!

Eg trudde ein periode at eg ikkje hadde mista så veldig mykje hår, etter fødselen.. Merka vertfall ikkje noko særlig forskjell frå tidlegare, då eg alltid har syntes at det har ligge hår absolutt overalt!!!!

Nå når det veks ut att da, så er det tydleg at det er ganske mykje som har dette av. Det er så ofte at eg må le, når eg kjem inn på badet om morgonen.

Bare sjå på detta:

Det er eigentleg verre enn det bildet der viser også.

 

Kvifor skjer det egentleg? Kva er ammehår? Mistar ein hår fordi ein ammar?

 

#ammehår #mammalivet 

 

Valentine's day ❤

Eg og Steffen har aldri vore sammen på denna dagen, heller ikkje i år.

Det er eigentleg ikkje så viktig, tenker eg, så lenge me hugsar på kvarandre ellers ;)

Ein bra dag har det vore da, i den deilige sola!

Eg og Eleah har vore på tur med Elin frå botanisk hage - Torshov - Grunerløkka <3

Me avslutta med kaffe, også måtte eg ha litt kake da :) Mmm.. Altså den ostekaka med karamell på Espresso House, den er SÅ god!

Blir såååå glad av den sola :)

Studiestart!

Etter eit år heime med baby trudde eg at eg hadde blitt vant til at dagen startar tidleg.

Tydelegvis ikkje!

I dag var det studiestart, og fytti altså..

Ikkje det at eg skulle vere der så tidleg, men eg måtte, for det første, sjå normal ut. Heime har eg ikkje trengt det.

Eg måtte rekke banen, og å kjøpe kaffe før eg skulle vere på plass 08.30.

Snork!

Det verste med denna morgonen var likavel ikkje at det var så himla tidleg, og kaldt!

Nei, når eg var innom Kiwi så såg eg at dei lilla påskeegga var på plass i hyllene. Nå!! TO månedar før påske. Det er ein fristelse for mykje! Iiiiik!

Eg kjøpte dei ikkje, meeeen det er nok ikkje lenge før ;)

Apropos fristelse, Steffis kom inn på senga her med sitt nybaka brød! For ein mann, og for eit brød! Nam!

Ja, eg har lagt meg litt. Studiestart tar på.

God natta ;)

"Så fortell ikke meg at du er ensom"

Orda slo mot meg, til tross for at melodien, gitaren og stemma var nydeleg. Eller kanskje ikkje, kanskje det bare var han?

Uansett, gatemusikanten ved Nationalteateret i dag altså!

Han var midt i " En tur rundt i byen", når eg kom ut på torget der. Åh fytti, som eg skulle ønske at eg kunne gjere det akkurat nå.

Ta ein tur rundt i byen med han!

Neste gong, då blir det ein tur! Eller ein kaffe.

Ny høstjakke 😍

Eleah har fått seg ny høstjakke, men eg syntes den er så fin at eg ikkje kunne vente!

Sjølvsagt altfor stor ennå.

Det må eg sei at var det einaste som var "feil" med den i dag ;)

For ein liten søtnos, som var god og varm ute (i vogna)!

Etter at me hadde vore ute i sola sammen med "tante" Helene, så kom jammen Steffen innom på eit lite overraskelsesbesøk!

Han hadde med seg dei her!😍😍 Så fine!

 

#klær #ootd #barn #jakke #hummel

Gratulerer mammaer ;)

Eleah er så liten ennå, så derfor forventa eg ingenting på denna morsdagen. Me er nemlig aleine heime, men eg trur ho veit det eg.. Hehe.. Ho har nemlig vore eksemplarisk i heile dag!

Ofte er ho veldig sulten, og sur pga det, når ho vaknar. I dag dansa ho når eg kom inn, og det har ho fortsatt med. I tillegg har eg fått masse kos og latter <3

Etter dagens lur skal me ut i sola! Og nå, nå skal eg ete eit heilt perfekt koka egg :)

Gratulerer så mykje med denna dagen alle mammaer <3

Oppskrytt med rutiner?

I begynnelsen var det ingen rutiner på oss. Kanskje egentlig mest fordi Eleah aldri sov.. Me trilla heile dagen, og vugga heile natta.

Me jobba hardt for at rutinene skulle komme i boks.

Mat til samme tid.

Bading til samme tid.

"I seng" til samme tid.

Nå! Eit år seinare er det så gode rutiner atte huttetuuu :O

Eg veit ikkje om eg likar det. Syntes egentleg det er ganske så kjedeleg. Veit nøyaktig kva som ventar når eg står opp. Kan bare trykke på "play" også går dagen, akkurat som i går, og dagen før, og dagen før.

Me finn sjølvsagt på mange ulike aktivitetar, men likavel..

I dag hadde det passa meg så bra at me gjekk ut akkurat NÅ, men nei. Eleah har lagt seg nå og skal sove i eit par timar. DÅ kan me ut!

Slik er det kvar dag. Frå 11/12-13/14 er me helst heime slik at ho kan sove.

Det er sjølvsagt veldig godt også, med desse to timane for meg sjølv.

Me KAN vere ute, men då er det nesten heilt sikkert at ho ikkje får så mykje søvn som ho treng. Ettermiddagen blir då ikkje såååå kosleg.

Hm, eg får ikkje bestemt meg. Likar eg rutiner eller ikkje?

Dersom eg forestiller meg dagen uten rutiner.. Hmmm.. Nei, det hadde sikkert vore slitsomt!

Eg vil ha begge delar eg :)

Gledar meg til ho våknar ;)

Dessert til frokost!

Eg er ikkje så glad i frokost, vertfall ikkje før klokka 11. Kaffe er mykje viktigare ;)

Uansett, når eg skal ete frokost da så er det digg med noko som er så godt som detta. Chiapudding! ;D

Du kan også lage den kvelden før. Hurra for klar frokost.

Eleah gaper veldig når ho ser denna ;)

Eg likar den best med kesam. Vanilje er godt, men litt for søtt til frokost. Bringebær derimot, heilt topp! Også med jordbær på toppen da. Nam :)

God laurdag :)

Laks med avokadomos!

Det er ikkje alltid like lett med middag når "kokken" er vekk på jobb, men i dag var den GOD!

Og enkel, ikkje minst, det er viktig!

Meny: Lakseburger (Meny sin! Den er god altså), pasta, avokadomos (avokado, naturell yoghurt, spisskummin, pepper, kvitlauk) og cherrytomater!

Nam, seier me bare her :)

Litt av ein morgon!

Veldig glad for at det bare var oss to her i dag, meg og Eleah.

For det første så tok eg på sjølvbruning i går kveld, og då ser ein "litt" gal ut før den blir dusja av. Også nå da, med det blå håret i tillegg.. Uff! Eleah kikka litt rart på meg når eg kom inn til ho ;)

Jaja.. Ho hadde vertfall da tissa skikkeleg gjennom, sånn at alt var heilt vått!

Bleie og pysj av..

Eg på jakt etter tørre klær... Sjekkar inn på badet til Eleah, og kva skjer? Jau, ho bæsjar på golvet!

Då blei det rett i dusjen på ho, ikkje meg!

Rein, tørr og glad var det tid for frokost. Eg var sjølv då heilt desperat etter kaffe, så eg forta meg derfor slik at eg fekk satt på den. Skulle bare sette tilbake kaffekrukka, då... BÆÆÆM! Kaffekrukka i golvet og kaffe overalt! Det syntes Eleah var festlig!

Nå er kaffen støvsuga opp, Eleah er både tørr og mett. Eg sitt fortsatt med blått hår og sjølvbruning.. Jaja, har vertfall ein digg kaffekopp :)

God morgon!

 

#mammalivet #barn #livet #kaffe #tan

Sy om - kjole!

Eg har sydd om (viss ein kan kalle det det) min første kjole :)

Det blei gjort veldig enkelt med at eg berre sydde sammen litt av stoffet bak. Tenk at ein så liten endring kan gjere den så mykje finare.

Her er den (potetsekken) før:

Etter:

Før:

Etter:

Detta vil eg gjere meir! :D

App - fjerne bakgrunn!

Eg har så mange bilder som eg gjerne skulle hatt uten den rotete bakgrunnen ;)

Perfekt om det er ein app som kan fikse det, tenkte eg.

Til nå har eg lika best LightX, men hallo (?!), veit nokon om ein som er bedre?

Grønn middag!

Det er veldig opp og ned kor mykje Eleah et, men i dag slo middagen virkeleg an.

 

Meny: Skrei med potet, gulrot og ertestuing :)

 

Det hjelper ofte at ho får ete heilt sjølv, eller at ho blir mata av vår store gaffel.

I tillegg må ho prøve dei ulike "delane" fleire gonger. I dag for eksempel så kom dei første skeiene med ertestuing ut att, før ho plutseleg kosa seg skikkeleg med den ;D

DIY!

I dag skulle eg sy ei bukse tenkte eg :)

Det blei jammen ei bukse også! Den var dessverre altfor stram for bleierumpa til Eleah ;) Men god øving da ;)

Ville også sy ein heildress.. Ehh.. Foreløpig er det ein kjole ;D Hehe.. Eleah er så himla søt uansett da :)

Deco blue <3

Me tenkte at kjøkkenet bare skulle vere som det var, når me flytta inn, men det blei til at me gjorde litt likavel :)

Det var bra da, for sjå så mykje finare det blei ;)

Før:

(Golvet!:O)

Frå Jotun "Sand" til "Deco blue" gjorde definitivt mykje med stemninga <3

Sydilla - DIY!

Det er så moro når ein kan lage sine egne greier altså! Eg er ikkje ein god syar, heller ikkje i nærheten av så nøye som ein burde vere, men eg prøvar meg likavel bare fram :)

Eg tenkte at ei smekke var enkelt og greit. Det var mykje vanskelegare enn eg trudde. Søt da :)

Denna barnestolen frå Ikea er utruleg kjekk, men også utruleg stygg! Det hjalp litt at eg sydde eit nytt trekk til den :)

Veldig slurvete at eg ikkje tenkte på at skyene burde vere riktig veg.. Menmen.. Finare blei den vertfall, også matcher den saccosekken.

#diy #sy #barn #ikea #stol #smekke #saccosekk

Åh <3

Aleine heime, og savnar dei her to!

Kaldt hår!

Gong på gong har eg vore til frisøren og sagt at eg vil ha håret mitt KALDT! Kaldast!

Gong på gong har eg også bøitt misfornøgd. Det gjeng visst ikkje.

Nå har eg prøva heime..

Det var altfor ljost, syntes eg. Derfor har eg kura det mørkare. Noko som har gjort at det har blitt blått :O

Veldig usikker på kva eg skal gjere nå! Blått hår vil eg vertfall ikkje ha ;)

 

#colorista #hår #hair

Saccosekk-DIY!

Eg snakka om at eg skulle få sydd ein saccosekk til Eleah, og nå har eg gjort det :)

Det var veldig lett, til tross for at eg ikkje er så god med symaskina ennå :)

Du treng fire sånn her (med det mønsteret du vil ha), og fire sånne til ein innersekk (billig restestoff).

To kvadrat (50x50cm) til bunnen :)

I tillegg treng du 100l med isoporkuler :)

Først syr du sammen to og to av "tårna", også syr du sammen dei to nye store "tårna".

Etter det er det bunnen sin tur. Hugs at du må spare eit hull til kulene ;)

Eg tømte dei i på verandaen, og det var bra fordi det blei nemlig litt gris!

Hullet, der kulene blei tømt inn, sydde eg att med maskina. Det var heilt utruleg klønete, men det gjekk :)

 

Deretter syr ein berre sammen trekket på samme måte :)

 

#diy #saccosekk #sy #barn

Valget er tatt!

Eg håpa jo at Steffen skulle ombestemme seg, når det gjaldt bil.

Det blir ingen Soul.. :( Meeen, heller ingen Leaf!

Det blei ein Ioniq!

Herlighet, sjå sååå fin den er:

Det er ikkje berre korleis den seg ut som er bra med denna bilen.

Den har god plass i bagasjerommet, og på ein god sommardag kan me køyre heilt til Vrådal uten å lade den ;D

 

Hurra!

 

#Ioniq #elbil #valg #bil 

Deilig morgon!

Me har vore veldig mykje inne i det siste, pga sjukdom, og det kan ein bli utruleg lei av.

Av og til føler eg meg til og med litt "fanga" i egen heim :O Uff, eg må nyte det!

I dag gjer eg det. Eg virkeleg nyt denna morgonen.

Fyr i peisen. Kaffe i koppen. Kosete Eleah under dyna i sofaen! (Ikkje ofte ho slappar av slik som detta. Hurra!)

Åh, håpar me ikkje må ut i dag ;)

Før og etter:Gangen :)

Må vise litt før og etter av gangen også da;)

Ehhh.. Ikkje så ryddig her akkurat nå da, men dere ser forskjellen ;)

Hadde heilt glømt denna tapeten nå:

Prosjekt saccosekk!

Tidlegare har eg sydd ein sengeslange til Eleah.

Sånn blei den;

Nå skal eg prøve meg på ein saccosekk! Iiiiik!

Bli med da vel! :)

Flukten frå eige liv!



Flukt, flykte, flykter, flyktning... Uansett korleis ein vrir, vender, bøyer og tøyer på dessa orda er det ord eg har hørt for ofte det siste året.

Usj, dårlege assosiasjonar!

 

Det første eg tenker på er, naturleg nok, alle dei som flyktar frå eget land. Over Middelhavet, vekk frå grusomhetar dei sjølve ikkje kan gjere noko med.

Det gjer meg vondt langt inn i sjela når eg tenker på bileta media har gitt oss av dette.

 

Det er ikkje berre bilete, det er virkelegheten.

 

Ein annan virkeleghet er her heime, ikkje heime hos oss, men her i Norge.

I går satt eg og irriterte meg over falmande neglelakk.

Eit par timar seinare kjørte eg i god, varm bil forbi to rusavhengige.

Då slo det meg at det er så utruleg mange som også flykter her heime. Dei flykter frå loven, kjipe familieforhold, smerter, osv.. Dei flyktar frå eige liv.

Ofte heile livet.

 

Det minna meg også på ei jente eg snakka med, på gata, for nokre år sidan. Ho var 25år den gongen. Den dagen. Født i 1988. Akkurat som meg. På mange andre måtar var ho også akkurat som meg.

Men! I motsetning til meg, så ønska ho seg vekk frå eige liv. Grunnen var rusavhengighet. For ho hadde det starta med at ho fekk piller av pappaen sin når ho var NI år. Det var hennar virkeleghet, som ho hadde flykta frå i FEMTEN år!

 

 

Tanken på ho gjer meg trist. Tanken på alle andre som ikkje får den hjelpen dei treng gjer meg trist. Sjølvsagt kan me ikkje hjelpe alle som er på flukt.. Det skjønnar eg. Men hallo?!

 

Håpar me kan få bøyd "flukt" til "trygghet" for fleire, frå i dag av!

 

 

#flukt #livet #2017

Terapi!

Det er ikkje så ofte eg koblar heilt ut utan at tankane flyr, men nokre gonger klarer eg det. Når eg tegnar eller målar :)

Nå for tida har det ikkje blitt så mykje tid til det, men berre nokre så lite som den vesle skissa her hjelper hjernen min til ei lita pause!

Så digg altså :)

Her er forresten ein elefant som eg laga til Eleah ;)

Hehe.. Det treng ikkje alltid bli så fint og flott ;)

Ho er fornøgd uansett :)

Leiligheten vår <3

Me kom oss ut av bilen til slutt ;) Nå ligg me i sofaen og mimrar, atter ein gong, tilbake til korleis leiligheten såg ut når me kjøpte den.

Berre sjå på den forskjellen her f.eks:

Sånn her såg det ut før:

På god veg her:

Les mer i arkivet » Februar 2017 » Januar 2017
hits