Flukten frå eige liv!



Flukt, flykte, flykter, flyktning... Uansett korleis ein vrir, vender, bøyer og tøyer på dessa orda er det ord eg har hørt for ofte det siste året.

Usj, dårlege assosiasjonar!

 

Det første eg tenker på er, naturleg nok, alle dei som flyktar frå eget land. Over Middelhavet, vekk frå grusomhetar dei sjølve ikkje kan gjere noko med.

Det gjer meg vondt langt inn i sjela når eg tenker på bileta media har gitt oss av dette.

 

Det er ikkje berre bilete, det er virkelegheten.

 

Ein annan virkeleghet er her heime, ikkje heime hos oss, men her i Norge.

I går satt eg og irriterte meg over falmande neglelakk.

Eit par timar seinare kjørte eg i god, varm bil forbi to rusavhengige.

Då slo det meg at det er så utruleg mange som også flykter her heime. Dei flykter frå loven, kjipe familieforhold, smerter, osv.. Dei flyktar frå eige liv.

Ofte heile livet.

 

Det minna meg også på ei jente eg snakka med, på gata, for nokre år sidan. Ho var 25år den gongen. Den dagen. Født i 1988. Akkurat som meg. På mange andre måtar var ho også akkurat som meg.

Men! I motsetning til meg, så ønska ho seg vekk frå eige liv. Grunnen var rusavhengighet. For ho hadde det starta med at ho fekk piller av pappaen sin når ho var NI år. Det var hennar virkeleghet, som ho hadde flykta frå i FEMTEN år!

 

 

Tanken på ho gjer meg trist. Tanken på alle andre som ikkje får den hjelpen dei treng gjer meg trist. Sjølvsagt kan me ikkje hjelpe alle som er på flukt.. Det skjønnar eg. Men hallo?!

 

Håpar me kan få bøyd "flukt" til "trygghet" for fleire, frå i dag av!

 

 

#flukt #livet #2017

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Elisabeth

Elisabeth

28, Oslo

Kategorier

Arkiv

hits