Saccosekk-DIY!

Eg snakka om at eg skulle få sydd ein saccosekk til Eleah, og nå har eg gjort det :)

Det var veldig lett, til tross for at eg ikkje er så god med symaskina ennå :)

Du treng fire sånn her (med det mønsteret du vil ha), og fire sånne til ein innersekk (billig restestoff).

To kvadrat (50x50cm) til bunnen :)

I tillegg treng du 100l med isoporkuler :)

Først syr du sammen to og to av "tårna", også syr du sammen dei to nye store "tårna".

Etter det er det bunnen sin tur. Hugs at du må spare eit hull til kulene ;)

Eg tømte dei i på verandaen, og det var bra fordi det blei nemlig litt gris!

Hullet, der kulene blei tømt inn, sydde eg att med maskina. Det var heilt utruleg klønete, men det gjekk :)

 

Deretter syr ein berre sammen trekket på samme måte :)

 

#diy #saccosekk #sy #barn

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits