Litt av ein morgon!

Veldig glad for at det bare var oss to her i dag, meg og Eleah.

For det første så tok eg på sjølvbruning i går kveld, og då ser ein "litt" gal ut før den blir dusja av. Også nå da, med det blå håret i tillegg.. Uff! Eleah kikka litt rart på meg når eg kom inn til ho ;)

Jaja.. Ho hadde vertfall da tissa skikkeleg gjennom, sånn at alt var heilt vått!

Bleie og pysj av..

Eg på jakt etter tørre klær... Sjekkar inn på badet til Eleah, og kva skjer? Jau, ho bæsjar på golvet!

Då blei det rett i dusjen på ho, ikkje meg!

Rein, tørr og glad var det tid for frokost. Eg var sjølv då heilt desperat etter kaffe, så eg forta meg derfor slik at eg fekk satt på den. Skulle bare sette tilbake kaffekrukka, då... BÆÆÆM! Kaffekrukka i golvet og kaffe overalt! Det syntes Eleah var festlig!

Nå er kaffen støvsuga opp, Eleah er både tørr og mett. Eg sitt fortsatt med blått hår og sjølvbruning.. Jaja, har vertfall ein digg kaffekopp :)

God morgon!

 

#mammalivet #barn #livet #kaffe #tan

Én kommentar

Iselin Renée

10.02.2017 kl.13:05

Håper du får en fin helg :)

Skriv en ny kommentar

hits