Oppskrytt med rutiner?

I begynnelsen var det ingen rutiner på oss. Kanskje egentlig mest fordi Eleah aldri sov.. Me trilla heile dagen, og vugga heile natta.

Me jobba hardt for at rutinene skulle komme i boks.

Mat til samme tid.

Bading til samme tid.

"I seng" til samme tid.

Nå! Eit år seinare er det så gode rutiner atte huttetuuu :O

Eg veit ikkje om eg likar det. Syntes egentleg det er ganske så kjedeleg. Veit nøyaktig kva som ventar når eg står opp. Kan bare trykke på "play" også går dagen, akkurat som i går, og dagen før, og dagen før.

Me finn sjølvsagt på mange ulike aktivitetar, men likavel..

I dag hadde det passa meg så bra at me gjekk ut akkurat NÅ, men nei. Eleah har lagt seg nå og skal sove i eit par timar. DÅ kan me ut!

Slik er det kvar dag. Frå 11/12-13/14 er me helst heime slik at ho kan sove.

Det er sjølvsagt veldig godt også, med desse to timane for meg sjølv.

Me KAN vere ute, men då er det nesten heilt sikkert at ho ikkje får så mykje søvn som ho treng. Ettermiddagen blir då ikkje såååå kosleg.

Hm, eg får ikkje bestemt meg. Likar eg rutiner eller ikkje?

Dersom eg forestiller meg dagen uten rutiner.. Hmmm.. Nei, det hadde sikkert vore slitsomt!

Eg vil ha begge delar eg :)

Gledar meg til ho våknar ;)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits