Studiestart!

Etter eit år heime med baby trudde eg at eg hadde blitt vant til at dagen startar tidleg.

Tydelegvis ikkje!

I dag var det studiestart, og fytti altså..

Ikkje det at eg skulle vere der så tidleg, men eg måtte, for det første, sjå normal ut. Heime har eg ikkje trengt det.

Eg måtte rekke banen, og å kjøpe kaffe før eg skulle vere på plass 08.30.

Snork!

Det verste med denna morgonen var likavel ikkje at det var så himla tidleg, og kaldt!

Nei, når eg var innom Kiwi så såg eg at dei lilla påskeegga var på plass i hyllene. Nå!! TO månedar før påske. Det er ein fristelse for mykje! Iiiiik!

Eg kjøpte dei ikkje, meeeen det er nok ikkje lenge før ;)

Apropos fristelse, Steffis kom inn på senga her med sitt nybaka brød! For ein mann, og for eit brød! Nam!

Ja, eg har lagt meg litt. Studiestart tar på.

God natta ;)

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits